Om meg

Eg er 23 år og går grunnskulelærarutdanning, 1.-7. klasse ved HiBu i Drammen.

tirsdag 11. september 2012

Veke 36 - Nynorsk

Denne veka har vi hatt tre førelesingar med Magne Gjerstad, der fokuset har vore nynorsk. Personleg er eg glad i nynorsk og har hatt det som hovudmål sidan fyrste skuledag og til dags dato. Kommunen eg kjem frå har nynorsk som målform og eg har difor vore disponera for det såkalla eksotiske skriftspråket, omtrent sidan eg vart fødd. Grunnen til at eg fortsatt vel å skrive på nynorsk er nok mest av "gamal vane", men også fordi eg likar nynorsk. Det er det eg er vand med, det er ein del av identiteten min og eg trur kanskje det er med på å forhindre total utvasking av dialekta mi som eg er så stolt av.

Meeen, nok om meg!
I dei tre førelesingane har vi som sagt snakka om nynorsk, og då i hovudsak som sidemål. Vi har sett på ulike syn på nynorsken og sidemålsdidaktikk. Didaktiske konsekvensar dersom læraren har eit problemorientera perspektiv på nynorsk er at ein f.eks. vel ut tekstar med moderat nynorsk og som ligg tettast mogleg opp mot bokmål. Ein kviar seg for å "utsetje" elevane for dette vanskelege språket, eller kanskje det er læraren sjølv som synast det er vanskeleg!?

Uansett er det viktig at læraren introduserar elevane så tidleg som mogleg for nynorsk, for er det ikkje når vi er små at vi lettast tileignar oss ny kunnskap? Er det ikkje når vi er små vi er mest nysgjerrige? Dersom elevane i ung alder blir vand med å høyre nynorsk, gjennom f.eks høgtlesing og lydbøkar, og etterkvart får lov til å eksperimentere med denne målforma, vil kanskje ikkje overgangen til ungdomsskule og karaktersetjing bli like brutal. I tillegg til at elevane blir vand med å høyre og sjå nynorsk, utvidar dei også sine tankar og kunnskapar kring språk. Synnøve Matre snakkar om at "Variasjon og skilnader i språkleg uttrykk gjer at ein ser språket tydelegare". Elevane vil altså utvikle si metaspråklege medvit gjennom møtet med nynorsk. Vil også trekkje fram Magne sitt tips om å bruke nynorske tekstar som differensiering for sterke elevar. Smart!

I førelesingane har vi også sett på nynorske dikt. Legg ved eit dikt som er skrive av oldefar min, Ambros Dølen. Dette diktet er henta frå ei diktsamling han skreiv til minne om oldemor mi. Det har mange ord som er særeigne for nynorsk, også synast eg det er så fint.

Eg enda ser ei kona blid

Eg enda ser ei kona blid,
som smiler i mitt minne;
så gjekk ho her så lang ei tid
i Lofthusstova inne.

Ho smilte alltid vent til meg
korhelst eg såg ho streva;
det gav ei von på all min veg,
så eg fekk hug til leva.

Og når det kringom heile ho,
det låg ein dåm av sæla,
så var det for at ho var god
og åtte Gud i sjela.

Ja ho var i sitt hjarta sæl
og ingen vondskap hyste;
sjå difor synte det seg vel
det varme smil som lyste.

Ambros Dølen

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar