Dei to siste vekene har vi hatt om barne- og ungdomslitteratur. Vi starta med ein repetisjon av viktige begrep og barnelitteraturen si historie. Veldig kort oppsummera har barnelitteraturen utvikla seg omtrent på denne måten:
Religiøse og moralske forteljingar -- lesebøkar -- gute- og jentebøkar -- litteratur som pedagogisk verktøy, tar opp vanskelege tema (sosialrealisme) -- science fiction -- barnelitteratur som kunst
Viare har vi snakka om sjølve begrepet "barnelitteratur". Det kan bli sett på som litteratur som born les, litteratur som er skrive/berbeida og tilrettelagt for born og som allalderslitteratur.
Vi har også sett på ulike dialogar i barnelitteraturen. I dei fleste barnebøkar er barnet den viktigaste adressaten og teksten skapar ein implisert lesar (den forfattaren har som mottakar). Barnebøkar som går under typen allalderslitteratur har både vaksne og born som implisert lesar og blir kalla for ambivalente tekstar. Dei har ei dobbel stemme. Forfattaren kan "snike inn" f.eks. ironi, humor, ordspel, intertekstualitet og allusjon, uten at kanskje barnet oppfattar dette, og på denne måten passar boka både for born og vaksne.
I dialogen mellom tekst og bilete spelar det verbale og visuelle på kvarandre, noko som er typisk for bildebøkar. Denne dialogen kan trigge lesarens førestillingskraft og evna til å skape eigne bilete i hovudet. For born som ikkje er fortrulege med å lese bøkar uten bilete, med tanke på at dei ikkje klarar å danne seg kognitive bilete, kan bøkar med illustrasjonar hjelpe dei på veg og bidra til at dei karar å henge med i forteljinga. Som formidlar av barnebøkar er "nysgjerrigheit" og "glød" viktige stikkord.
Viktige begrep
Allalderslitteratur - litteratur som passar for både born og vaksne
Ambivalent tekst - tekst med dobbel stemme
Implisert lesar - den forfattaren har hatt i tankane/ser på som mottakar
Intertekstualitet - dialog mellom tekstar og teksttradisjonar
Allusjon - skjult sitat frå ein ana tekst
Paratekst - hint om kva teksten skal handle om
En fin gjennomgang av det vi har hatt om i forelesningene. Liker godt listen med viktig begrep :)
SvarSlett