Om meg

Eg er 23 år og går grunnskulelærarutdanning, 1.-7. klasse ved HiBu i Drammen.

tirsdag 25. september 2012

Bukkene Bruse på badeland

av Bjørn F. Rørvik og Gry Moursund (ill.)

Dette er ei bildebok og ei modernisering av det kjente folkeeventryret "De tre bukkene Bruse" av Asbjørnsen og Moe. Den har det tradisjonelle folkeeventyret som utgangspunkt, der bukkane er på veg til seters for å gjere seg feite, men historia tek ei vending då dei bestemmer seg for å reise på badeland i staden for. På badeland dukkar det slemme trollet opp, bukkene Bruse blir kvitt trollet ved å vri sklia slik at trollet sklir ut av vindauget og fortlejinga får ein lukkeleg slutt. Bukkene Bruse endar opp som "heltar" og får gratis bading resten av året i premie, samstundes som dei kjem seg til seters og et vaflar kvar søndag.


Boka er stappfull av intertekstualitet, noko eg trur vil påverke mottakaren i ulik grad, i forhold til om han/ho kjenner til eventyret frå før av eller ikkje. Også mottakar sin alder kan spele inn på korleis boka blir oppfatta, då mtp. kor mykje av det intertekstuelle som blir fanga opp. Boka har eit moderne språk med mange lydmalande ord og utførlege illustrasjonar med figurar frå andre kjende eventyr og forteljingar. Bileta er varierte og skiftar også mellom heilsideformat og mindre bilete. På denne måten vil eg tru at denne boka passar veldig godt for høgtlesing, men som forutsett at den som les høgt er flink til å leve seg inn i forteljinga. Eg meiner også at boka har mykje potensiale sett i eit didaktisk perspektiv. Den kan f.eks. brukast som lett underhaldning for små born, som ein del av eit tema om eventyr eller til undervisning om intertekstualitet og modernisering av tekstar.

Personleg tykkjer eg dette er ei herleg modernisering av det gode, gamle eventyret. Mykje humor, moderne språk, nye vendingar og flotte illustrasjonar, samstundes som det originale eventyret heile tida skin igjennom gjennom heile boka.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar