Om meg

Eg er 23 år og går grunnskulelærarutdanning, 1.-7. klasse ved HiBu i Drammen.

torsdag 27. september 2012

Skriveopplæring - Veke 39

Skriving er ein lettare mental prosess enn å lese. Nokon knekk lesekoden gjennom skriving og begge desse ferdigheitane heng tett saman. Difor kan det vere lurt å la elevane få utforske og eksperimentere med skrving, sjølv om dei kanskje ikkje kan lese, og ikkje presse elevane til at dei skal kunne lese før dei skriv.

Stadie i skriveutviklinga:
- Pseudoskriving:  barnet har forstått at det er noko som heiter skriving, utforsking og liksomskriving av den skriftkulturen dei kjenner til
- Bokstavutforsking: meir systematisk utforsking av bokstavar
- Heilordsskriving: kjenner til ordbilete
- Fonologisk skriving: skriv orda slik dei høyres ut
- Ortogfarisk skriving:


Prosessorientera skriving
- Førskrivings-/motiveringsfase
- Skriving av førsteutkast
- Kameratrespons på innhald
- Omskriving og bearbeiding
- Lærarrespons på innhald og formelle trekk
- Bearbeiding/omskriving
- Sluttvurdering
- Publisering

POS kom til Noreg på 80-talet, men er mindre bruka i dag. Eg meiner prosessorientera skrving er ein fin måte å jobbe med tekstar på og det kan vere lurt å la elevane få trening i dette. Dei får tilbakemeldingar frå både medelevar og lærar på det arbeidet dei har gjort, noko som kan trigge kreativiteten og bidra til at fleire idear kring oppgåva dukkar opp. Ut i frå eigne erfaringar frå ungdomsskulen og viaregåande er det viktig at læraren tenker nøye gjennom kva for grupper ein sett saman når elevane skal gje respons til kvarandre. Her kan det lett bli mykje tull og mindre fokus på sjølve responsarbeidet. Også tidsbruken og hyppigheita av POS kan vere lurt å tenkje over. Sjenerte elevar kan kvie seg for å presentere kva dei har skrive, og elevar som er særs ivrige kan føle at det går bort for mykje tid til respons når dei eigentleg sitt inne med mykje idear. På den andre sida har begge desse typer elevar godt av å øve seg på slike situasjonar. Både når det gjeld å utfordre seg sjølv, og det å kunne innsjå at respons frå andre kan vere nyttig.

Synnøve Matre: "Æ har skrevve kjempemye æ nå" Ein andreklassing på veg inn i skrifta
Kva idear gir artikkelen deg som norsklærar?
- Jacob sitt uttrykk for glede og iver ved å skrive
- Viktig med engasjerande tema
- Avskrift kan vere ein fin metode for å sette i gang og utvikle skriveprosessen
- Identitetsdanning, finne sin plass i klasserommet, imponere læraren
- Samarbeid

Skrivetrekanten
Kva vil du sei?
Korleis vil du seie det?
Kvifor vil du seie noko og til kven?

Skriving bør skje i meinigsfulle situasjonar og det er viktig at elevane veit kva som skal skje med sluttproduktet før dei startar å skrive!
Læraren må tenke nøye gjennom oppgåva elevane skal arbeide med; kva er hensikten  og korleis skal dette kommuniseras til elevane?
Mange av tekstane elevane skriv har læraren som mottakar, og det er ikkje alltid like meiningsfylt å skrive til ein som allereie er ekspert på det gitte temaet. Nokre gongar kan det vere lurt å la elevane skrive til ein fiktiv mottakar. Her er det viktig at elevane får opplæring i dette. Uike publiseringskanalar er også ein fin måte å variere skrivesituasjonen. F.eks.: skrive for medelevar, til lokalavis eller skuleavis, på sosiale medie osv.

Ulike syn på skriving og skriveundervisning
(Kva skriving i skulen handlar om og kva god skriveundervisning bør vektlegge)
  • Ferdighetsdiskurs
  • Kreativitetsdiskurs
  • Prosessdiskurs
  • Sjangardiskurs
  • Sosial praksis-diskurs
  • Sosiopoltisk diskurs: skriving styrt av samfunnsinteresser. utvikle kritisk blikk på skriving og eit språk som kan brukas for å snakke om eigne og andre sine tekstar.
Desse møter vi skulen, ofte i kombinasjon

Sjangaropplæring
Viktig del av skriveopplæringa er å lære å skrive innafor normer og konvensjonar innafor ulike skrivesituasjonar.

To ulike syn på sjangerundervisning er implisitt- og eksplisitt sjangeropplæring. Implisitt sjangeropplæring gjeng ut på at elevane bør lese og skrive eit mangfald av ulike tekstar. Nokre argument for dette er at undervisninga vil lausrive sjangaren frå konteksten og at det å lage reglar for ein sjanger ikkje er mogleg. Den implisitte sjangerundervisninga kan redusere sjangarens kompleksitet og det å lære sjangertrekk vil gje eit statisk bilete av sjangrar. Ekplisitt sjaneropplæring gjeng ut på at elevane får ei tydeleg opplæring i sjangerar og dei får delta i arbeidet med å definere sjangertrekk. Dei får lese felles eksempel, skrive tekstar innafor sjangerar, både felles og individuelt.

Viktig at elevane får trening og erfaring med skrivemåtar som dei får bruk for seinare i livet, i utdanning, yrkseliv og som samfunnsdeltakar.

To formar for skriving

Tenkeskriving (innoverretta, for å lære)
- utforske og prøve ut tankar
- alt er lov
- få fram idear
- skrive for seg sjølv
- ikkje krav til orden
- alle kan meistre

Presentasjonsskrivingn (utoverretta, lære å skrive)
- skrive for ein lesar eller lyttar
- formidle tankar
- form og rettskriving er viktig
- krav til orden
- naudsynt med mykje stønad
.
Tenkeskriving kan brukas i mange ulike situasjonar. Eks. på dette : introduksjon til eit nytt tema, for å oppsummere eit tema, som utgangspunkt for ei samtle, som igangsettar for skriving av lengre tekstar, for å bearbeide tankar og kjensler, for å få til hyppige og regelmessige skriveaktivitetar, i samband med lesing av tekstar, i alle fag.

Skriving kan være utfordrande:
- det blanke arket (Når skrivesperre oppstår er det ofte den kritiske sansen som blir kopla inn for tidleg)
- skilnader på å skrive og å snakke
- korleis strukturere ein tekst

Rammer/reiskapar kan vere til hjelp:
- for å sjå for seg korleis den ferdigstilte teksten skal sjå ut
- kan gje eit språk til å snakke om tekstarbeidet
- synleggjer at å skrive ein god tekst er eit resultt av systematisk arbeid

Tips!
-Skrive mykje for å bli god til å skrive
- Skriv ofte
- Leik med ord
-  Lage dikt ut i frå ord som blir utdela
- Elevane er i grupper på f.eks. tre. Dei skal velge eit substantiv og deretter skal dei skrive kvar sin tekst innafor kvar sin sjanger.
- Enkle modellar kan hjelpe elevane, spesielt når dei skal skrive argumenterande tekstar!

1 kommentar:

  1. Et fint blogginnlegg :) Du har skrevet mye! Oversiktelig og bra :)

    SvarSlett