Om meg

Eg er 23 år og går grunnskulelærarutdanning, 1.-7. klasse ved HiBu i Drammen.

torsdag 4. oktober 2012

Albin Prek

av Ingeborg Kringeland Hald

Dette er ei forteljing om ein gut som heiter Albin Prek. Han er flyktning frå Bosnia og bur på eit mottak i Noreg saman med mor og søsken. Når politiet kjem til mottaket for å sende dei heim til Bosnia, bestemmer Albin seg for å rømme. Han snik seg inn i bagasjerommet på ein bil og gøymer seg i ei lita hytte, side om side med to jenter som er på hyttetur med besteforeldra sine. Boka har på ein måte to forteljingar og skildrar både flukta frå mottaket og flukta i Bosnia, der vi får eit innblikk i Albin sine tankar.

Personleg synest eg dette er ei fin, men sterk forteljing. Den skildrar tankar og kjensler hjå eit barn som har opplevd krig på ein realistisk og ærleg måte. Forfattaren har delt boka inn i notid og fortid, der vi følgjer Albin si flukt både i Bosnia og Noreg, og på denne måten blir kontrastane mellom krig og fred understreka. Albin kjenner frykt og er redd både i Noreg og Bosnia, men på to ulike måtar. Spenninga held seg gjennom heile forteljinga der ein lurar på om Albin blir oppdaga av gjengen på hyttetur, og til slutt om han blir sendt tilbake eller ikkje. Likar også godt den åpne slutten der lesaren får vite at Albin og familien får bli førebels, men ikkje kva som kjem til å hende på lang sikt.

Denne boka har til tider sterke skildringar frå krigshandlingar, og eg ville difor tenkt meg nøye om før eg presentera eller las den for elevane mine. Temaet og kjenslene som kjem til uttrykk i boka er desverre røynda for mange born i verda, og eg kan også komme til å ha desse borna som elevar. Eg meiner ikkje at born skal skjermast for verkelegheita, men det er viktig å ha eit mål og ein gjennomtenkt plan for korleis ein presenterer ei bok som dette.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar