Om meg

Eg er 23 år og går grunnskulelærarutdanning, 1.-7. klasse ved HiBu i Drammen.

mandag 22. oktober 2012

Norskdidaktikk - Veke 42

På fredag hadde vi ei økt om norskdidaktikk. Vi jobba gruppevis og laga tankekart på nettet der vi skreiv ned punkt vi meinte hørte til begrepet. Norskdidaktikk er fagdidaktikk, og som ordet seier er den retta inn mot norsk. Norskdidaktikk handlar om korleis faget kan lærast, undervisast og utviklast, og om faget sine "kva", "kvifor" og "korleis". Her kjem også den didaktiske relasjonsmodellen inn, der ein snakkar om metode, tema, mål, aktivitet, føresetnad, evaluering, vurdering osv.

Etter vi hadde jobba i grupper gjekk vi igjennom kva vi hadde funne ut i plenum. Ei kort og oppfriskande økt om norskdidaktikk :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar