Om meg

Eg er 23 år og går grunnskulelærarutdanning, 1.-7. klasse ved HiBu i Drammen.

onsdag 24. oktober 2012

Vaffelhjarte

av Maria Parr

Hovudpersonane i denne boka er Trille og Lena. Dei er ni år og bur på ein liten stad som heiter Knert-Mathilde, og saman finn dei på ulike sprell som som regel endar godt. Boka handlar om venskap, kjærleik, savn, død og glede.

Eg oppfattar boka som lettlest, samstundes som eg meiner den passar inn i sjangaren allalderslitteratur. Parr har ein artig måte å skrive på, og dette kjem til uttrykk bl.a. gjennom humor, ordspel, intertekstualitet og frodige karakterar. Boka er skrive på nynorsk og eg synest dette gjer noko spesielt med forteljinga. Den understrekar det "bygde-idylliske" og gir teksten ein fin flyt. Eg vil våge å påsta at boka ikkje hadde vore den same dersom den var på bokmål.

Sjølv om boka formidlar mykje glede og idyll er den også alvorsprega. Det er kanskje balansen mellom dette som gjer at eg likar den så godt, og at den ikkje blir for idyllisk, men realistisk. Vaffelhjarte er truleg ei perfekt bok for høgtlesing på barnetrinnet. Den har mange ulike hendingar og eg synast desse er skildra på ein flott måte som gjer forteljinga spanande frå start til slutt. Den tar også tak i meir alvorlege tema som død og savn, og kan kanskje brukast til samtale kring dette.

Vaffelhjarte er ei herleg bok som passar like godt for born som for vaksne!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar