Om meg

Eg er 23 år og går grunnskulelærarutdanning, 1.-7. klasse ved HiBu i Drammen.

torsdag 25. oktober 2012

Ungdomsbokgildet - 18.oktober

Førre onsdag var vi på Ungdomsbokgildet i Drammen teater. Det var ein spanande og interessant dag med presentasjon av ulike ungdomsbøkar, elevar som melde bøkar, foredrag om fantastisk litteratur ved Catharina Wrååk og forfattarmøte med Lars Mæhle.

Eg synast det var ein bra dag og eg lika spesielt godt bokpratarane som la fram årets bøkar. Dei presentera på ein spanande måte utan å avsløre alt for mykje, og fekk meg til å ville lese mange av bøkane, både for eigen underhaldning og som framtidig lærar. Nokre av bøkane tok opp "tunge" tema som f.eks. spisevegring, bortføring, gjengmiljø, vald o.l. og vil truleg ikkje vere passande på barnetrinnet. Derimot var det ein del bøkar som kanskje kan brukast på sterke lesarar og modne elevar på dei øvste trinna.

Sjølv om eg ikkje skal vere lærar på ungdomsskulen tykkjer eg det var ein lærarrik og inspirerande dag. Hadde vore fantastisk om det var eit barnebokgilde også, for sjølve opplegget var veldig bra :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar