Både informasjon,
kommunikasjon og kunnskap blir formidla gjennom sakprosasjangeren, difor er det
viktig å gje elevane kunnskap om og moglegheit til å utforske og bli kjend med
eit mangfald av slike tekstar. Rutetabellar, brukarrettleiingar, timeplanar og
liknande er døme på tekstar som barn vil møte frå dei er små og det å meistre desse
kan vere med på å lette kvardagen deira. På dei høgare trinna i barneskulen bør
også elevane få kunnskap om at ein skriv ulikt ettersom kven som er mottakaren.
Øving i å skrive søknad og formelle skriv/brev er også viktig til framtidig
jobbsøking og i forhold til det å bli tatt på alvor.
I forhold til
artiklar, nyheitssakar, kommentarar og andre ytringar er det viktig å gjere
elevane medvitne om kjelder og det å tenke kritisk til det dei les. Kven er
forfattar? I kva samanheng er teksten skrive? Er teksten påliteleg? Kven er
tenkt som mottakar? og kva vil forfattaren oppnå med teksten? Ein kan på mange
måtar seie at arbeidet med slike tekstar blir ein del av ein danningsprosess
der sakprosateksten er eit danningsverktøy.
Som ei kort
oppsummering vil eg seie at det er viktig at ein som lærar jobbar grundig med
denne sjangeren slik at elevane får kjennskap til og kunnskap om eit mangfald av
sakprosa-tekstar. Sakprosa er viktig både i notid og framtid for eleven!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar