Om meg

Eg er 23 år og går grunnskulelærarutdanning, 1.-7. klasse ved HiBu i Drammen.

onsdag 13. februar 2013

Bildespråk - veke 48

Bildespråk: korleis og kva bilde fortel

Vi har ulike språksystem for å formidle noko, både verbale og visuelle.

Visuelle teikn har ulike funkjsonar. C.S. Pierces klassifisera dette som:
indeks - viser til noko
symbol - kollektiv einigheit om at eit teikn står for eit bestemt innhald
ikon - reel likskap mellom teikn og innhald

Vi har to hovudmåtar å strukturere eit bilete på. Den eine er bilete som ein avgrensa heilskap som kan avkodas i ein prosess. Små detaljar underordnar seg heilskapen. Den andre er bilete som forteljande heilskap der delane avkodas i rekkefølgje for så å gje forståing for heilskapen.

Komposisjon og fargebruk
Korleis biletet er utforma har mykje å seie for korleis ein ser og forstår det. Nokre viktige punkt her er:
- Blikkfang, det fyrste ein legg merke til når ein ser eit bilete. Spesielt fokus på dette bl.a. i reklame.
- Vertikale, horisontale og diagonale liner
- Plassering
- Tredimensjonalitet, forstørring og forminsking, gradar av detaljar
- Perspektiv
- Fargebruk, varme og kalde fargar, psykologisk-, symbolsk- og optisk fargebruk

Bilete sine kommunikasjonsmoglegheitar
I bilete er det ein samanheng mellom det som er avbilda/røynda, avsendar, bilde/tekst og mottakar. Den kommunikative hovudvekta i eit gitt bilete kan vere på forskjellige måtar:

- Den ekspressive funksjonen har hovudvekt på avsendar.
- Den appellative funksjonen har hovudvekt på mottagar.
- Den informative funksjonen har hovudvekt på bildet sitt forhold til røynda.
- Den sosiale funksjonen har hovudvekt på samspelet mellom avsendar og mottakar.
- Den poetiske funksjonen har hovudvekt på bildet i seg sjølv.

Viktig å nemne at korleis eit bilete blir oppfatta kan vere kulturelt betinga, både med tanke på fargebuk, leseretning, religion o.l.

Sentralperspektivet
Gjengjveing av den tredimensjonale røynda, slik det faktisk ser ut. Alle rette linjer endar i eit punkt. Dette systemet om å gjenskape og framstille avstand og rom blei "funne opp" på 1400-talet og førte til at målarkunst blei ein vitskap.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar