Samansette tekstar er ein av dei fire hovudområda
innafor norskfaget. Dette vil seie at du som lærar må ha kunnskap om denne type
tekstar og vite korleis ein skal bruke dei i undervisningssamanheng. I
lærarplanen blir følgjande nemnt om emnet:
Hovedområdet
sammensatte teksterviser til et utvidet tekstbegrep der tekst kan være
satt sammen av skrift, lyd og bilder i et samlet uttrykk. Det
innebærer arbeid med tekster som bildebøker, tegneserier, aviser, reklame,
nettsider, sangtekster, film og teater. Hovedområdet omfatter både elevens egen
tekstproduksjon og opplevelse, kritisk vurdering og analyse av sammensatte
tekster. Å kunne lese en
sammensatt tekst dreier seg om å finne mening i helheten av ulike
uttrykksformer.
Dersom ein går
til kunnskapsmåla etter dei ulike trinna står det konkret kva elevane skal
kunne og gjere i forhold til samansette tekstar. Under vil eg trekke fram nokre
punkt frå kunnskapsmåla og deretter komme
med eksempel på aktivitetar/oppgåver som forhåpentlegvis passar inn.
Kunnskapsmål etter 2. trinn:
Eleven skal bl.a. bruke teikning og skriving i samband med lesing og dei skal uttrykkje eigne tekstopplevingar gjennom ulike «medium». Dei skal også kunne samtale om forholdet mellom tekst og bilete i bildebøkar.
à Her kan elevane teikne eller lage montasje/kollasj av det dei eller læraren har lese. Dei kan også bruke teikning og skriving til å lage forteljingar.

Kunnskapsmål etter 4. trinn:
Eleven skal kunne trekke ut opplysningar i samansette tekstar og kunne drøfte estetiske verkemiddel. Dei skal også lage eigne forteljingar ved hjelp av ord, lyd og bilete.
à Her kan t.d. elevane lage enkle filmsnuttar, bruke powerpoint eller photostory til å lage forteljingar, alt ettersom kor mykje dei mestrar. Felles samtale i klasserommet om korleis ulike estetiske verkemiddel blir bruka i reklame, bilete, læreboka osv. kan også vere aktuelt.

Kunnskapsmål etter 7. trinn:
Etter 7. trinn skal eleven tolke, samanfatte og forstå opplysningar i samansette tekstar og dei skal lage eigne, både manuelt og digitalt. Eleven skal vurdere tekstar og andre medium, og dei skal grunngje eigne medievanar. Dei skal også bruke song, musikk og bilete i presentasjonar.
à Mykje av det same som etter fjerde trinn, men her kan elevane utfordras til å lage lengre og meir avansera filmar. Dei kan også lære å bruke Photostory, Prezi, Powerpint og liknande til presentasjonar. I forhold til eigne medievanar kan elevane lage statistikk over medievanar i klassa og samanlikne med andre klasser på skulen. På denne måten får ein også inn rekning i norskfaget.
Kjelder: LK06 - Læreplanen i norsk
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar