Om meg

Eg er 23 år og går grunnskulelærarutdanning, 1.-7. klasse ved HiBu i Drammen.

lørdag 16. februar 2013

Leseopplæring og lesestrategiar - Veke 38

Vi starta dette temaet med ei kort oppsummering av viktige begrep

Fonetikk: lydære
Fonolgi: korleis lydane fungerar i språket
Morfologi: formlære
Semantikk: tydingslære/innhald
Morfem: det minste meiningsberande elementet i språket
Leksikalske morfem: "ting", gjenstandar, handlingar, eigenskapar
Grammatiske morfem: bøying- og avleiingsord, kjønn, tal
Stadie i leseutviklinga:
  • Pseudolesing
  • Liksomlesing
  • Heilordslesing
  • Fonologisk lesing
  • Ortografisk lesing

Leseopplæring
Lesing kan definerast som det å konstruere meining ut frå tekst og ein må både kunne avkode og forstå tekst for å kunne lese. Motivasjon er også ein viktig fktor for at lesing skal finne stad. I samband med den fyrste leseopplæringa snakkar ein ofte om to hovudformer for metode; syntetisk- og analytisk metode, eller "bottom up" og "top down". I den syntetiske metoden startar ein frå botnen av og lærer bokstavar og lydar for deretter å stave seg til ord. I den analytiske metoden startar ein med heilordslesing. Ein lærer ord som ordbilete og ein typisk metode her er Lesing på talens grunn, til dømes ved at læraren leiar ei samtale med elevane der ein skriv ned setningar i fellesskap for så og bruke desse setningane i seinare arbeid.

I den fyrste leseopplæringa kan ein seie at hovudmålet er å knekke lesekoden, altså å lære å lese i teknisk forstand, for så å kunne forstå kva ein tekst faktisk seier/formidlar. Denne opplæringa er særs viktig for å kunne tileigne seg kunnskap, for å kommunisere og for å «henge med» i skulen. Men leseopplæring også etter at eleven har knekt lesekoden er viktig. Nyare leseforsking viser at dei som får systematisk leseopplæring opp gjennom skuletida blir betre leserar enn dei som ikkje får det (Roe 2011:12).
 
Lesestrategiar
For å bli ein god lesar må ein også ha god leseforståing. Kjenneteikn på ein god lesar er ein som har evne til metakognisjon og er strategisk og aktiv i leseprosessen. Ein svak lesar derimot forstår ikkje kva han eventuelt gjer feil og les berre vidare, er passiv i leseprosessen og les utan refleksjon (Roe 2011:45).

Eit ledd i den vidare leseopplæringa kan vere å presentere og la elevane bli kjend med eit mangfald av ulike type tekstar. Ved å motivere og la elevane få lese mykje bidrar ein til betre leseferdigheiter og eit støre ordforråd. Som lærar bør ein også presentere elevane for ulike lesestrategiar. Dette gir elevane ulike teknikkar og metodar for å lette lesinga og få best mogleg utbytte. Formålet med lesestrategiar er ikkje at elevane skal kunne flest mogleg eller at dei skal drillast i ein spesifikk, men at dei skal kjenne til ulike strategiar til ulike formål. På denne måten slik kan dei finne den strategien som best fremjar deira leseforståing.
 
I samband med lesestrategiar er det vanleg å dele inn lesing i tre fasar. Før- under- og etter lesing:

Før lesing (føregripe og førebu)
Motivere
Kva kan du frå før om emnet?
Kva trur du vil skje?
Sjå på overskriter
Skape nysgjerrighet

Under lesing
Markere ord som er vanskelege
Konsentrasjon og ro
Koble ny og gamal informasjon

Etter lesing
Refleksjon/samtale/vurdering kring teksten
Kva var vanskeleg?
Oppsummere, kva er buskapet/det viktigaste

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar