Om meg

Eg er 23 år og går grunnskulelærarutdanning, 1.-7. klasse ved HiBu i Drammen.

onsdag 17. april 2013

Norsk som andrespråk


Definisjonar på nokre omgrep henta frå Regjeringa (NOU 2010:7)
Morsmål: Språket som snakkes i barnets hjem, enten av begge foreldrene eller av den ene av foreldrene, i kommunikasjon med barnet. Et barn kan således ha to morsmål.

Førstespråk: En persons muntlige, eventuelt også skriftlige, hovedspråk. Betegner vanligvis språket vedkommende har lært først, benytte mest og er nærmest knyttet til.

Andrespråk: Språk som en person ikke har som førstespråk, men som vedkommende lærer eller har lært i et miljø der det er i allmenn bruk som dagligspråk. Andrespråk kan også betegneethvert språk som ikke er en persons førstespråk, dvs. både andrespråk og fremmedspråk.

Fremmedspråk: Et språk som ikke er en persons førstespråk og som vedkommende lærer eller har lært utenfor miljøer hvor det er i allmenn bruk som dagligspråk.

Lovverket og læreplanar
Opplæringslova § 2-8 om «Særskild norskopplæring for elevar frå språklege minoritetar» seier at alle elevar i grunnskulen med eit anna morsmål enn norsk eller samisk har rett til særskild norskopplæring (SNO) til dei har tilstrekkelig dugleik i norsk til å følgje den ordinære opplæringa. Dersom ikkje særskild norskopplæring er tilstrekkeleg har også eleven rett til morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring eller ein kombinasjon av desse. I forkant av at det blir fatta eit vedtak om SNO skal eleven kartleggast. Kartlegging skal også foregå undervegs i opplæringa for å vurdere om eleven har oppnådd tilstrekkeleg dugleik til å følgje den ordinære undervisninga (Oppl.lova §2-8).

For språklege minoritetar er det to tilpassa læreplanar; Læreplan i grunnleggjande norsk og Læreplan i morsmål for språklege minoritetar. Begge desse planane er aldersuavhengige og nivåbasera og dei skal fungere som overgangsplanar fram til eleven har tilstrekkeleg kompetanse til å følgje den ordinære undervisninga.

Læreplanen i morsmål for språklege minoritetar har som hovudmål å styrke elevens føresetnad for å lære det norske språket gjennom utvikling av ferdigheitar i lesing og skriving, ordforråd og omgrepsforståing på morsmålet http://www.udir.no/kl06/NOR7-01/Hele/Formaal/  

Læreplanen i grunnleggjande norsk har som hovudformål å utvikle språkleg sjølvtillit og tryggleik, ivareta lese- og skriveopplæringa og bidra til å utvikle elevens ordforråd og omgrepsforståing. http://www.udir.no/kl06/NOR8-01/Hele/Formaal/

Fleirspråkleg vs. einspråkleg opplæring
Det er ulike oppfatningar og meiningar om kva som er mest hensiktsmessig og effektivt i ein språkinnlæringsprosess der eleven har norsk som andrespråk. Dei to vanlegaste «retningane» her er fleirspråkleg og einspråkleg opplæring. Kort fortalt går dette ut på følgjande:

Fleirspråkleg opplæring: Ein brukar både barnets fyrste- og andrespråk i opplæringa. Eleven lærer norsk på og gjennom fyrstespråket, for eksempel ved å lære norske ord og omgrep der ein brukar fyrstespråket som stønad. Bruken av fyrstespråket kan skje i varierande grad ettersom kor mykje eleven kan og har behov for. Innafor den fleirspråklege opplæringa snakkar ein også om ein overgangsmodell og ein bevaringsmodell der ein i den fyrst vil føre eleven frå morsmål til andrespråk, medan i den andre vil ein bevare morsmålet.

Einspråkleg opplæring: Ein brukar så og si berre norsk i innlæringa av norsk. Fyrstespråket spelar ei passiv rolle og eleven blir til dømes plassera i ordinær klasse utan ekstra stønad gjennom bruk av fyrstespråket.

I Noreg er fleirspråkleg opplæring det som er mest vanleg, men kvaliteten på opplæringa og utbyttet til eleven er truleg særs varierande frå kommune til kommune, ettersom kva fokus skulen har på dette og kva ressursar skulen har i form av kompetent undervisningspersonell.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar