Om meg

Eg er 23 år og går grunnskulelærarutdanning, 1.-7. klasse ved HiBu i Drammen.

tirsdag 11. juni 2013

Pan


Pan av Knut Hamsun

Pan kom ut i 1894 og er eit sentralt verk i nyromantikken. Det er ein eg-roman fortalt av Løytnant Thomas Glahn + kap. Fortalt av X. Denne forteljarforma fekk eit gjennombrot på 1890-talet og passar godt når forfattaren vil skildre det ubevisste sjelelivet og dei indre tankane og kjenslene til forteljaren. Dette er noko som var typisk i ny-romantikken. Eg-forteljaren kan vere upåliteleg og vi kan ikkje stole på alt han seier, slik som vi kan med ein autoral allvetande forteljar. Dette kan sjåas på som eit signal til lesaren om å gå bak forteljaren. Det er viktig å skilje mellom forteljar og forfattar.

Hovudpersonen er Løytnant Thomas Glahn og skriv i 1857 om det som hende ein «nordlandssommer» i 1855.Han er ein typisk nyromantisk helt som søkjer ro i naturen, langt borte frå bylivet. Ein kan trekke parallellar mellom Glahn og skogsguden Pan frå gresk mytologi (Jakt, eros og lidenskap). Han er rastlaus, kjenslevar og til tider irrasjonell. Glahn bur i ei jakthytte saman med hunden Esop, utanfor tettstaden Sirilund. Her bur kjøpmann Mack, og Glahn innleiar eit forhold til dottera Edvarda Mack. Vidare har han også forhold til to andre kvinner. I epilogen datert 1861 blir vi gjennom jaktkameratens auge vitne til han skyt Glahn. Framprovosera «sjølvmord»?

Teksten er prega av prosalyriske skildringar av naturen og Pans indre tankar. Romanen kan sjåast på både som eit portrett av ein «ustabil» mann, ei kjærleikshistorie og ei forteljing om konflikten mellom kultur og natur, det opphavlege mennesket og det siviliserte.

Tema: Frustrert mann som prøvar å rasjonalisere/forklare kva som hende to år tidlegare.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar