Om meg

Eg er 23 år og går grunnskulelærarutdanning, 1.-7. klasse ved HiBu i Drammen.

tirsdag 11. juni 2013

Sjur Gabriel


Sjur Gabriel er skrive av Amalie Skram i 1887 og er fyrste bind av fire i romansyklusen Hellemyrsfolket. I denne romansyklusen følgjer vi Sjur Gabriel og Oline og deira etterkommerar. Dette er Skrams mest ruvande verk og blir rekna som hovudverket innafor naturalismen i Noreg.

Sjur Gabriel handlar om ein fattig familie som bur på garden Hellemyren utanfor Bergen. Handlinga går føre seg på 1820-talet og strekker seg over ein periode på ca. seks år. Sjur Gabriel er gift med Oline. Dei har fem born, og fire som tidlegare har gått bort. Kvardagen deira er prega av dårlege kår og hardt gardsarbeid og fiskeri for å få livet til å gå rundt. Sjur Gabriel jobbar alt han kan for å forsørgje familien. Oline er alkoholikar og blir banka av mannen når han oppdagar at ho har drukke. Etter kvart blir Oline gravid igjen og etter ein dramatisk fødsel kjem Vesle Gabriel til verden. Det oppstår eit sterkt band mellom far og den nyfødde sonen. Sjur Gabriel ser det som eit teikn på tilgjeving frå Gud etter den gongen han fekk born med ei tenestejente og deretter grov det ned i fjøsgolvet. Bandet mellom dei blir også forsterka då Oline havnar på sjukehus og Sjur Gabriel har ansvaret for sonen over ein lengre periode. Sjukehusopphaldet til Oline og ei bot for vald mot hjelpedrengen Aslak gjer Sjur Gabriel enda fattigare. Vesle Gabriel døyr seks år gamal, og Sjur Gabriel ser dette som ei straff frå Gud. Forgifta morsmjølk er dødsårsaken og er eit teikn på at genene bestemmer. «Frå den dag drakk både mannen og konen på Hellemyren.»

Denne romanen er typisk for naturalismen der den skildrar ein fattig familie og deira kamp for tilveret. Den skildrar også samfunnet på denne tida og korleis skjebnen til familien og personane er forutbestemt av deira gener og forgjengarars liv. Født fattig à alltid fattig.  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar