Språkvitskap + sosiologi =
Sosiolingvistikk
Sosiolingvistikk tar for seg forholdet
mellom språk og samfunn og ser på språket som sosialt fenomen. Voks fram som
eige forskingsfelt på 1960-talet med William Labov og hans studie av talemålet
i New York.
Dei fleste sosiolingvistiske
undersøkingar dreier seg om korleis individets og gruppas talespråk påverkas av
sosiale omstende. I alt talemål vil vi finne variasjon der kvar enkelt
språkbrukar vekslar mellom ulike språkformer, både bevisst og ubevisst, og det
er denne variasjonen sosiolingvistane er interessera i. Vi tilpassar språket
etter kven vi pratar med, etter formalitet og kva for situasjon vi er.
Undersøkingar viser faktisk at folk som ofte snakkar med kvarande har ein
tendens til å bli meir like i språkbruk generelt. (Sjekkeland, M. 2010, Dialektlandet).
Variasjonar i talemålet kan studerast ut
i frå ulike utgangspunkt:
-
Det geografiske/geolektiske:
dialektologi, studiet av geografiske språkforskjellar
-
Det sosiolektiske:
forskjellar i talemål ut i frå sosial plassering
-
Det kronolektiske:
forskjellar mellom generasjonar sitt talemål
-
Det sexolektiske:
forskjellar mellom kjønn
Ein kan også dele inn sosiolingvistikk
på makro- og mikro nivå. Når ein fokuserer på talemålet hjå ei gruppe menneske
snakkar ein om makro-sosiolingsvistikk, medan mikro-sosiolingvistikk går meir
på samtaler ansikt til ansikt.
Et fint innlegg, Marte. Jeg liker spesielt at du tar med makro- og mikronivå inndelingen.
SvarSlett