Er den nye analfabetismen dei som ikkje har digital kompetanse?
Med
nye tider kjem også nye tekstar og vi får på denne måten behov for ny
kompetanse blant lærerar. Med LK 06 fekk vi omgrepet grunnleggande ferdigheter der det å kunne bruke digitale verktøy er
ein av desse. Dei fleste barn vi møter i skulen har på førehand kjennskap til
eit mangfald av ulike digitale plattformar, og i mange tilfelle kan dei nok
mykje meir enn lærarane sine. Dette sett nye krav til kompetanse hjå pedagogar
og som lærar må ein oppdatere seg og henge med på IKT-verda. Som lærar må ein
ha kunnskap om kva for moglegheiter som ligg i den digitale verda og korleis
ein kan bruke desse som ein ressurs for læring.
Om å bruke digitale verktøy i norsk står det følgande i LK06:
Å kunne bruke digitale verktøy i norsk er nødvendig for å mestre nye tekstformer og uttrykk. Dette åpner for nye læringsarenaer og gir nye muligheter i lese- og skriveopplæringen, i produksjon, komponering og redigering av tekster. I denne sammenheng er det viktig å utvikle evne til kritisk vurdering og bruk av kilder. Bruk av digitale verktøy kan støtte og utvikle elevenes kommunikasjonsferdigheter og presentasjoner.
I
norskfaget finns det mange måtar å bruke digitale verktøy som ein ressurs for
læring. Både for å lære faget, men også for å lære sjølve IKT-verktøyet. Eksempel på dette
kan vere blogg, Photostory, Powerpoint, digitale ordbøkar, pedagogiske spel, lage
heimesider, Youtube, produsere tekst digitalt osv. Også dei fleste læreverka har tilhøyrande nettstadar
med oppgåver, tekstar, filmar og liknande, av ulik kvalitet. Når ein jobbar med
digitale verktøy må ein som lærar vere kritisk og velje verktøy med omhug. Det kan vere lurt å spørje seg sjølv om kva
for plattformar er hensiktsmessige for læring hjå eleven?
Regjeringa har uttalt følgande om digital kompetanse: Digital kompetanse er summen av enkle IKT-ferdigheitar, som det å lese, skrive og rekne, og meir avanserte ferdigheitar som sikrar ein kreativ og kritisk bruk av digitale verktøy og medier.
IKT-ferdigheitar
omfattar det å ta i bruk programvare, søke, lokalisere, omforme og kontrollere
informasjon frå ulike digitale kjelder, medan den kritiske og kreative evna
også fordrar evna til evaluering, kjeldekritikk, fortolking og analyse av
digitale sjangerar og medieformar.
Som vi ser er det særs viktig å lære elevane kritisk tenking og kjeldekritikk når dei jobbar med stoff frå nettet.
Literacy - Eit
samlebegrep for skriftkyndighet som omhandlar lesing, skriving, forståing, evna
til å bruke skrift til eigen læring og tileigning av kunnskap osv.
Digital literacy - identifisere,
kommunisere, forstå, interpretere og gjere nytte av digitale hjelpemiddel for å
etablere lærdom.
Grunnkomponenter i digital kompetanse er – i følge
Ola Erstad (2005):
Grunnleggende ferdigheter: Kunne åpne programvare, sortere og lagre
informasjon på datamaskin, og andre enkle ferdigheter i bruk av datamaskiner og
programvare.Laste ned: Kunne laste ned ulike informasjonstyper fra Internett
Søke:
Vite om og hvordan man skal få tilgang til informasjon.
Navigere:
Kunne orientere seg i digitale nettverk, læringsstrategier for bruk av
Internett
Klassifisere:
Kunne organisere informasjonen i forhold til en klassifikasjon, sjanger e.l
Integrere:Kunne
sammenligne og sammenstille ulik typer informasjon i forhold til sammensatte
tekster (multimodalitet)Evaluere: Kunne sjekke og vurdere om man har kommet dit en ønsket gjennom Internett-søk. Kunne vurdere kvaliteten, relevansen, objektiviteten og nytten av den informasjonen man har funnet (kildekritikk)
Kommunisere : Kunne kommunisere informasjon og uttrykke seg gjennom ulike medier
Samarbeide:
Kunne inngå i nettbaserte lærende relasjoner med andre, og kunne utnytte den
digitale teknologien til samarbeid og delta i nettverk
Skape/kreativitet: Kunne selv produsere og sammenstille ulike former for informasjon som
sammensatte tekster, lage hjemmeside, m.m. Kunne utvikle noe nytt gjennom bruk
av spesielle verktøy og programvare.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar