Om meg

Eg er 23 år og går grunnskulelærarutdanning, 1.-7. klasse ved HiBu i Drammen.

torsdag 30. mai 2013

Gift

Gift av Alexander L. Kielland


«Gift» kom ut fyrste gong i 1883 og kan seiast å vere eit angrep på datidas skulesystem og det borgarlege samfunnet. Romanen har ein allvetande forteljar og har typiske trekk frå realismen som er den litteraturhistoriske perioden den høyrer til i. Den skildrar og kritiserer latinskulen, ulike samfunnslag og kyrkja/konfirmasjonens rolle.

I fyrste del av boka møter vi lille Marius, ein gut frå små kår som gjer alt han kan for å lykkas i skulen. Problemet er at det einaste han får til på skulen er latin, noko som til slutt «tek livet av han». Marius har tilsynelatande berre ein ven og det er Abraham Løvdahl. Ein dag gjer Abraham opprør på skulen og forsvarar lille Marius under ei høring ved å kalle adjunkt Aalbom for ein djevel. Mor Wenche synest Abraham har gjort rett ved å støtte venen sin, medan far Carsten og resten av skulen synest dette er heilt forferdeleg.

Det er gjennom Abraham vi kjem inn i den «eigentlege» forteljinga. Her blir vi kjend med den velståande familien Løvdahl; far professor Carsten Løvdahl, mor Wenche Løvdahl og deira son Abraham Løvdahl. Carsten og Wenche er rake motsetningar. Carsten er ein roleg, beherska og typisk overklasse mann. Wenche er fritenkar som kjempar for sannheit og kritiserer latinskulen, kyrkja og den borgarlege moralen. Ho meiner latinskulen hindrar barns moglegheit til livsutfalding og konfronterer både mann og son med sprøsmålet om konfirmasjon. Skal ein konfirmeras fordi samfunnet og kyrkja seier det eller fordi ein kan stå inne for og vil det sjølv? Dette blir ein konflikt i familien der mor og far havnar i ein kamp om sonen.

Etter kvart kjem Michal Mordtmann inn i biletet og vil starte forretningar med Carsten som investor. Mordtmann er på mange måtar lik Wenche med sine liberale haldningar og oppfatning av skulesystemet. Dei utviklar etter kvart eit forhold som endar med at Wenche blir med barn. Då Wenche fortel mannen sin at ho er gravid nektar han å tru at det er hans barn og for fyrste gong får vi sjå ein opprørt mann som ikkje klarer å kontrollerer kjenslene sine. Dette fører til at Wenche oppsøkjer Mordtmann og finn ut han ikkje er den ho trudde han var. Når ho så kjem heim seint den natta tek ho livet sitt med «gift». Carsten dekker over sjølvmordet og får det til å sjå ut som eit naturleg dødsfall som følgje av slag.

Sjølve klimaks i forteljinga er Abrahams konfirmasjon. Han veit kor mykje dette betyr både for mor og far sin, på to heilt ulike måtar. Han slit med mors død og føler han sviktar mor si og hennar ideal. Abraham gjeng til slutt under for faren og samfunnets normer og stiller til konfirmasjon som fyrste gut. Her kjem bokas tema tydeleg fram: Korleis ein gut si opprørstrong må gje tapt for samfunnets normer.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar