Dette er ei
vakker og sår forteljing om lengselen etter heil og ekte kjærleik, men handlar
også om sjølvrealisering og det å verkeleggjere draumane sine i tråd med
personlege ideal og prinsipp.
Jenny lever som
kunstnar i Roma og er ei ung, «ukyssa» kvinne med sterke livsideal og
forventningar til seg sjølv og kjærleiken. Ho bur saman med den frilynna,
«forførande» og til tider svake venninna Fransiska, som står i strek kontrast
til Jenny. Ein kveld dei er ute med venene sine møter dei Helge Gram. Etter
kvart oppstår det meir enn venskap mellom Helge og Jenny, i alle fall frå Helge
si side, og dei forlovar seg. Etter at dei har flytt tilbake til Kristiania
oppstår det problem mellom Jenny og Helge, noko som oppfyller dei frampeik som
blir skildra medan dei er i Roma. Helge er ikkje «den rette» for Jenny og ho
innser at ho har svikta sine eigne verdiar ved å la seg rive med av ein mann ho
eigentleg ikkje elskar. Ho innleiar eit forhold til Helge sin far, Gert Gram
som lever i eit ulykkeleg ekteskap med ei sjalu og kontrollerande kone. Jenny
og Gert delar lidenskapen for kunst og igjen blir kjenslene og verdiane hennar
sett på prøve. Då ho blir med barn flyktar ho til Tyskland for å leve i skjul,
men kort tid etter fødselen døyr den vesle guten, kanskje hennar einaste
eigentlege og ekte kjærleik gjennom livet. Dette får det til å renne over for
Jenny. I siste del av boka gjeng handlinga føre seg i Roma der Jenny blir
oppsøkt av venen Gunnar Heggen. Han seier han elskar ho og prøvar å overtyde ho
om at dei høyrer saman, men Jenny sine kjensler er ikkje gjensidige. Stadige
konfliktar mellom moral og drift set Jenny sine ideal og prinsipp på prøve. Ho
føler ho har svikta sine grunnleggande ideal og forteljinga endar med Jennys
sjølvmord.
«Jenny» kom for
fyrste gong ut i 1911 og blei sjølve gjennombrotet for Sigrid Undset. Den er
typisk for ny-realismen der den skildrar forholdet mellom individ og samfunn,
etiske dilemma og det å realisere seg sjølv samstundes som ein skal harmonere
med samfunnet og dets normer. Individet står sentralt der etiske val og
konfliktar er typiske tema.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar