Om meg

Eg er 23 år og går grunnskulelærarutdanning, 1.-7. klasse ved HiBu i Drammen.

fredag 7. juni 2013

Dialektologi/Talemlåskunnskap


Dialekt:
Ein variant av eit nasjonalspråk som brukas av ein del av befolkninga innafor eit geografisk avgrensa område.

Sosiolekt:
Ein talemålsvariant på sosialt grunnlag. Innanfor eit dialektområde kan vi finne ulike sosiolektar. Det vil sei at ein sosiolekt er ein variant av den lokale dialekten, farga av brukaren sin sosiale tilhøyrigheit, utdanning, yrke, alder og kjønn.

I Noreg har vi ikkje noko standardisert talemål, som til dømes i Sverige og Danmark, og det er jamt over aksept for å snakke den dialekta ein har. Både i skule og jobb, men også på stortinget, i media og i meir formelle samanhengar er det «lov» å snakke dialekt. Noreg står her i ei eiga klasse for seg sjølv når det kjem til dialektars status. Vi har eit stort mangfald av dialektar både når det kjem til mengde og variasjon, men som regel kan vi forstå kvarandre på tvers av kommune/fylkesgrenser. Kommunikasjon, omgang mellom menneske, naturen, geografien osb. har vore med på å forme ulike talemål, noko som starta så smått allereie i den urnordiske tida.

Kvar dialekt har sine språklege kjennemerke og vi brukar desse til å plassere ein dialekt på kartet. I Noreg har vi følgjande hovudinndeling: austnorsk, vestnorsk, trøndersk og nordnorsk.

Typiske målmerke som det er vanleg å dele inn målføra etter:
(Det finns sjølvsagt unntak og kommunar som skil seg ut, men her har eg valt å ta for meg hovudtrekka)

1. Tonefall.
I sør, vest og nord, startar orda høgt og endar lågt, det vil med andre ord sei høgtonemål. I austnorsk (Austlandet og Trøndelag) finn vi det motsette, nemleg lågtonemål. Her startar ein lågt og endar høgt.

2. Infinitivsendingar (Jamvekt- ikkje jamvekt-apokope)
Dei austnorske og trønderske dialektane har to infinitivsendingar, eller det vi kallar kløyvd infinitiv/jamvekt. Dette fenomenet stammar frå det norrøne språket.  Jamvektsorda har halde på endinga -a eller -å, mens overvektsorda har fått endevokalen redusert til –e eller falle heilt bort (apokope) som i Trøndelag. Det vil seie at innafor ei og same dialekt kan ein seie både å kaste og å spella.

Dei vestnorske dialektane har ein infinitivsending, anten a-mål eller e-mål. Området med a-infinitiv strekkjer seg frå Indre Sogn til den vestlege delen av Vest-Agder. I andre delar av det vestnorske dialektområdet har ein e-infinitiv.. Det nordlege e-målsområdet strekkjer seg frå Sogn og nordover til Romsdal. Det sørlege e-målsområdet dekkjer austleg del av Vest-Agder og heile Aust-Agder.

Dei nordnorske har full apokope (Sørlege del av Nordland) eller e-mål.

3. Tjukk eller tynn L
Området for tjukk l er omtrent det same som for jamvekt.

4. Palatalisering
Uttalen av ll og nn, (dd og tt). Eks. mann blir manj, ball blir balj, redd blir redj og nytt bilr nytj. Trøndelag og nordlandsfylka er dei som har sterkast palatalisering.

5. Rulle-r og skarre-r
Største delen av Noreg har rulle-r. Skarre-r finn vi langs kysten, frå Tvedestrand i sør til Florø i vest.

6. Blaute konsonantar
P/t/k blir til b/d/g frå Arendal i aust til Karmøy i vest.

Austnorsk
- Lågtone
- Jamvekt
- Tjukk l
Trøndersk
- Lågtone
- Jamvekt og apokope
- Tjukk l
Vestnorsk
-
Høgtone
- Ikkje jamvekt. E-mål eller a-mål
- Tynn l
Nordnorsk
-
Høgtone
- Apokope eller e-mål
- Tynn l
 
Mykje av stoffet er henta frå dialektxperten.no http://www.dialektxperten.no/dialektxperten.html

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar