Om meg

Eg er 23 år og går grunnskulelærarutdanning, 1.-7. klasse ved HiBu i Drammen.

tirsdag 11. juni 2013

Pan


Pan av Knut Hamsun

Pan kom ut i 1894 og er eit sentralt verk i nyromantikken. Det er ein eg-roman fortalt av Løytnant Thomas Glahn + kap. Fortalt av X. Denne forteljarforma fekk eit gjennombrot på 1890-talet og passar godt når forfattaren vil skildre det ubevisste sjelelivet og dei indre tankane og kjenslene til forteljaren. Dette er noko som var typisk i ny-romantikken. Eg-forteljaren kan vere upåliteleg og vi kan ikkje stole på alt han seier, slik som vi kan med ein autoral allvetande forteljar. Dette kan sjåas på som eit signal til lesaren om å gå bak forteljaren. Det er viktig å skilje mellom forteljar og forfattar.

Hovudpersonen er Løytnant Thomas Glahn og skriv i 1857 om det som hende ein «nordlandssommer» i 1855.Han er ein typisk nyromantisk helt som søkjer ro i naturen, langt borte frå bylivet. Ein kan trekke parallellar mellom Glahn og skogsguden Pan frå gresk mytologi (Jakt, eros og lidenskap). Han er rastlaus, kjenslevar og til tider irrasjonell. Glahn bur i ei jakthytte saman med hunden Esop, utanfor tettstaden Sirilund. Her bur kjøpmann Mack, og Glahn innleiar eit forhold til dottera Edvarda Mack. Vidare har han også forhold til to andre kvinner. I epilogen datert 1861 blir vi gjennom jaktkameratens auge vitne til han skyt Glahn. Framprovosera «sjølvmord»?

Teksten er prega av prosalyriske skildringar av naturen og Pans indre tankar. Romanen kan sjåast på både som eit portrett av ein «ustabil» mann, ei kjærleikshistorie og ei forteljing om konflikten mellom kultur og natur, det opphavlege mennesket og det siviliserte.

Tema: Frustrert mann som prøvar å rasjonalisere/forklare kva som hende to år tidlegare.

Sjur Gabriel


Sjur Gabriel er skrive av Amalie Skram i 1887 og er fyrste bind av fire i romansyklusen Hellemyrsfolket. I denne romansyklusen følgjer vi Sjur Gabriel og Oline og deira etterkommerar. Dette er Skrams mest ruvande verk og blir rekna som hovudverket innafor naturalismen i Noreg.

Sjur Gabriel handlar om ein fattig familie som bur på garden Hellemyren utanfor Bergen. Handlinga går føre seg på 1820-talet og strekker seg over ein periode på ca. seks år. Sjur Gabriel er gift med Oline. Dei har fem born, og fire som tidlegare har gått bort. Kvardagen deira er prega av dårlege kår og hardt gardsarbeid og fiskeri for å få livet til å gå rundt. Sjur Gabriel jobbar alt han kan for å forsørgje familien. Oline er alkoholikar og blir banka av mannen når han oppdagar at ho har drukke. Etter kvart blir Oline gravid igjen og etter ein dramatisk fødsel kjem Vesle Gabriel til verden. Det oppstår eit sterkt band mellom far og den nyfødde sonen. Sjur Gabriel ser det som eit teikn på tilgjeving frå Gud etter den gongen han fekk born med ei tenestejente og deretter grov det ned i fjøsgolvet. Bandet mellom dei blir også forsterka då Oline havnar på sjukehus og Sjur Gabriel har ansvaret for sonen over ein lengre periode. Sjukehusopphaldet til Oline og ei bot for vald mot hjelpedrengen Aslak gjer Sjur Gabriel enda fattigare. Vesle Gabriel døyr seks år gamal, og Sjur Gabriel ser dette som ei straff frå Gud. Forgifta morsmjølk er dødsårsaken og er eit teikn på at genene bestemmer. «Frå den dag drakk både mannen og konen på Hellemyren.»

Denne romanen er typisk for naturalismen der den skildrar ein fattig familie og deira kamp for tilveret. Den skildrar også samfunnet på denne tida og korleis skjebnen til familien og personane er forutbestemt av deira gener og forgjengarars liv. Født fattig à alltid fattig.  

mandag 10. juni 2013

Sosiolingvistikk


Språkvitskap + sosiologi = Sosiolingvistikk

Sosiolingvistikk tar for seg forholdet mellom språk og samfunn og ser på språket som sosialt fenomen. Voks fram som eige forskingsfelt på 1960-talet med William Labov og hans studie av talemålet i New York.

Dei fleste sosiolingvistiske undersøkingar dreier seg om korleis individets og gruppas talespråk påverkas av sosiale omstende. I alt talemål vil vi finne variasjon der kvar enkelt språkbrukar vekslar mellom ulike språkformer, både bevisst og ubevisst, og det er denne variasjonen sosiolingvistane er interessera i. Vi tilpassar språket etter kven vi pratar med, etter formalitet og kva for situasjon vi er. Undersøkingar viser faktisk at folk som ofte snakkar med kvarande har ein tendens til å bli meir like i språkbruk generelt. (Sjekkeland, M. 2010, Dialektlandet).

Variasjonar i talemålet kan studerast ut i frå ulike utgangspunkt:

-          Det geografiske/geolektiske: dialektologi, studiet av geografiske språkforskjellar

-          Det sosiolektiske: forskjellar i talemål ut i frå sosial plassering

-          Det kronolektiske: forskjellar mellom generasjonar sitt talemål

-          Det sexolektiske: forskjellar mellom kjønn

Ein kan også dele inn sosiolingvistikk på makro- og mikro nivå. Når ein fokuserer på talemålet hjå ei gruppe menneske snakkar ein om makro-sosiolingsvistikk, medan mikro-sosiolingvistikk går meir på samtaler ansikt til ansikt.

Litteraturhistorie med fokus på Noreg


Dei eldste runeinnskriftene er funne heilt attende til år 200 e. Kr. Den munnlege tradisjonen var leiande på denne tida og som seinare kom til uttrykk gjennom blant anna eddadikt.

Norrøn litteratur (ca. 750-1350)
Runer blir bruka til innskrifter. Forteljingar i prosa- og diktform går på folkemunne fram til 1200-talet. Det meste av litteraturen vi kjenner til vart skrive ned av kristne prestar og munkar på Island. Vi kan dele inn litteraturen inn i to hovudsjangrar; Norrøn poesi og sagalitteratur.
 Eddadikt samla i Den eldre Edda med ukjende forfatterar. Gudedikt og heltedikt handlar om gudar, mystiske vesen, segnheltar og livets alvor. Enklare form enn skaldedikta.
Skaldedikt av namngitte forfatterar. Skildra historiske hendingar (f.eks. slag) eller historiske personar (kongar). Kunstferdig oppbygd.
Den yngre Edda av Snorre Sturlason er ei lærebok i skaldekunst.

Mellomalderen (ca. 1350-1500)
Nedgangstid med svartedauden der mange av dei skriftkunnige går bort. Munnleg folkedikting: Eventyr, segn, viser, ordtak, gåter, rim og regler. Levde på folkemunne til nedskrivinga på 1800-tallet.
Diplom, jordebøkar og liturgiske bøkar er omtrent det einaste som er bevara av skriftleg materiale frå Noreg frå denne tida.

Renessanse og Humanisme (1500-talet)
Noreg i union med Danmark à Bibelen kjem på dansk og dansk er det offisielle skriftspråket. Mennesket i sentrum. Liten skriftleg litteratur både i omfang og kvalitet på denne tida. Får midten av 1500-talet blir det produsera historiske verk, skildringar av dagleglivet til folk og tekstar om geografi. Forfattarane er som regel landets sosiale elite.

Barokken (1600-talet)
Litteraturen er fyrst og fremst religiøs og salmediktinga dominerer. Gud er i sentrum og litteraturen kjenneteiknas av utbroderingar, mykje bildebruk og ordspel. Dualisme mellom livsappetitt og lengting etter døden.

Petter Dass, Thomas Kingo og Dorothe Engelbrettsdatter er sentrale forfatterar.

Opplysningstid og klassisisme (1700-talet)
Klasssistane knyter seg til dei estetiske ideala frå antikken; enkelheit, klarheit, orden og behersking. Trua på individet sitt sjølvstende og fornuft står sterkt. Vitskap og nye erfaringar står over religion.

Ludvig Holberg og Johan Herman Wessel.

Romantikken (ca. 1830-1850)
«Attende til naturen». Sterke kjensler, fantasi og heile skaparverket blir sett på som uttrykk for ei guddommeleg verdsand. Romantikarane er på leit etter det naturlege og autentiske og kunstnarar blir sett på som geni. H.C Andersen, Wergeland og Welhaven er sentrale i romantikken. Hovudsjanger er lyrikk.

Nasjonalromantikken (ca. 1840-1850)
Nasjonsbygging og interesse for det norske. Behov for å markere at landet har ein eigen kultur, historie og eit eige språk. Folkedikting, innsamling av eventyr, segner og folkeviser av blant anna Asbjørnsen og Moe, M.B. Landstad og O. Crøger.

Poetisk realisme (1850-1870)
Overgangspeiode mellom romantikken og realsimen. Industrialisering og urbanisering à frå bondesamfunn til byliv. Forfattarane ser behov for ein meir realistisk litteratur. Dei skriv meir verkelegheitsnært, men skildrar ei idealisera og harmonisk verd. Romanen gjer sitt gjennombrot.

A.O. Vinje, C. Collett, H. Ibsen og B. Bjørnson.

Realismen (1870-1890)
Forfattarane set problem under debatt og skildrar ulike samfunnslag. Dei ville reformere, avsløre og vere kritiske gjennom emne som religion og kyrkja, samliv og ekteskap med fokus på kvinnas stilling, pliktmoral og hykleri, oppseding i skule og heim. Tekstar som problematiserer og tematiserer livet til den moderne mann og kvinna.  Litteraturen er prega av romanar og skodespel.

«Dei fire store».

Naturalsimen (1880-1890)
Ein mørkare realisme der litteraturen viser fram livets skuggesider. Handlinga er ofte lagt til lågare samfunnslag. Dei prøvar ikkje lenger å finne løysingar på problema og tekstane er prega av determinismen (Darwinisme og teorien om naturen og mennesket)

A.Skram, J. Lie, C. Krogh.

Nyromantikk og tidleg modernisme (1890-1905)
Ein reaksjon mot «problemlitteraturen» i realismen og naturalismen. Forfattarane på denne tida går igjen tilbake til naturen og interesserar seg for kjensler, sjeleliv, religion, natur og dei mystiske sidene ved mennesket. Orientering bort frå det rasjonelle og frå samfunnsproblema, mot skildringar av sanseopplevingar og subjektive stemningar. Vanleg med eg-romanar der hovudpersonen også er forteljaren.  Symbolisme og heimstaddikting med bl.a. Ibsen og Hamsun. Også lyrikken kjem tilbake for alvor.

S. Obstfelder og V. Krag er sentrale lyrikerar.

På slutten av 1800-talet veks modernismen fram og ein vil frå fram sjelelivet hjå det moderne mennesket.

Nyrealismen (1905-1940
Store framsteg i Europa og Noreg. Unionsoppløysing, urbanisering og industrialisering fører bl.a. til store sosiale endringar, som igjen påverkar litteraturen. Politiske og sosiale problem kjem inn i litteraturen, men ikkje på same måte som i realimen. Enkeltindividet er i fokus med skildringar av etiske konfliktar og val. Romanen blir igjen viktig og slektsromanar og historiske romanar et typiske. Detter er også epoka for dei store og lange forteljingane.

Undset, Hamsun, Falkberget, Duun og Braaten.

1900-talet og modernismen
Litteratur blir demokratisera og forfatterar frå heile landet «slepp til». Litteratur blir meir tilgjengeleg for alle samfunnslag. Vanleg å dele modernismen inn i Tidlig modernisme, Høgmodernisme og Postmodernisme.

Episk litteratur på 1900-talet

-          Psykoanalyse og kulturradikalisme, gi uttrykk for indre kjensler (1930-talet)

-          Etterkrigstema og refleksjonar (ca.1945-1965)

-          Gjennombrot for modernismen, symbolske romanar med realistisk form (1950-talet)

-          Sakprosa, debattbøkar og bildebøkar. Profilgenerasjonen skreiv politisk litteratur (1965/1980)

-          Sosialrealisme, nyfeminisme (1970-1980)

-          Postmodernisme (frå 1980-talet)

Lyrikk på 1900-talet

-          Sentrallyrikken, eksperimentering med form og sjangerbrot (ca. 1905-1930)

-          Politisk kampdikting (1920- og 1930-talet)

-           Modernismen (1930 til 1960-talet)

-          Etterkrigsrefleksjonar (ca. 1945-1960-talet)

-          Profilgenerasjonen, ting-dikting. Skrive om heilt enkle ting (1960-talet)

-          Politisk lyrikk (1970-talet)

-          Postmodernisme (1980-2000)

fredag 7. juni 2013

Dialektologi/Talemlåskunnskap


Dialekt:
Ein variant av eit nasjonalspråk som brukas av ein del av befolkninga innafor eit geografisk avgrensa område.

Sosiolekt:
Ein talemålsvariant på sosialt grunnlag. Innanfor eit dialektområde kan vi finne ulike sosiolektar. Det vil sei at ein sosiolekt er ein variant av den lokale dialekten, farga av brukaren sin sosiale tilhøyrigheit, utdanning, yrke, alder og kjønn.

I Noreg har vi ikkje noko standardisert talemål, som til dømes i Sverige og Danmark, og det er jamt over aksept for å snakke den dialekta ein har. Både i skule og jobb, men også på stortinget, i media og i meir formelle samanhengar er det «lov» å snakke dialekt. Noreg står her i ei eiga klasse for seg sjølv når det kjem til dialektars status. Vi har eit stort mangfald av dialektar både når det kjem til mengde og variasjon, men som regel kan vi forstå kvarandre på tvers av kommune/fylkesgrenser. Kommunikasjon, omgang mellom menneske, naturen, geografien osb. har vore med på å forme ulike talemål, noko som starta så smått allereie i den urnordiske tida.

Kvar dialekt har sine språklege kjennemerke og vi brukar desse til å plassere ein dialekt på kartet. I Noreg har vi følgjande hovudinndeling: austnorsk, vestnorsk, trøndersk og nordnorsk.

Typiske målmerke som det er vanleg å dele inn målføra etter:
(Det finns sjølvsagt unntak og kommunar som skil seg ut, men her har eg valt å ta for meg hovudtrekka)

1. Tonefall.
I sør, vest og nord, startar orda høgt og endar lågt, det vil med andre ord sei høgtonemål. I austnorsk (Austlandet og Trøndelag) finn vi det motsette, nemleg lågtonemål. Her startar ein lågt og endar høgt.

2. Infinitivsendingar (Jamvekt- ikkje jamvekt-apokope)
Dei austnorske og trønderske dialektane har to infinitivsendingar, eller det vi kallar kløyvd infinitiv/jamvekt. Dette fenomenet stammar frå det norrøne språket.  Jamvektsorda har halde på endinga -a eller -å, mens overvektsorda har fått endevokalen redusert til –e eller falle heilt bort (apokope) som i Trøndelag. Det vil seie at innafor ei og same dialekt kan ein seie både å kaste og å spella.

Dei vestnorske dialektane har ein infinitivsending, anten a-mål eller e-mål. Området med a-infinitiv strekkjer seg frå Indre Sogn til den vestlege delen av Vest-Agder. I andre delar av det vestnorske dialektområdet har ein e-infinitiv.. Det nordlege e-målsområdet strekkjer seg frå Sogn og nordover til Romsdal. Det sørlege e-målsområdet dekkjer austleg del av Vest-Agder og heile Aust-Agder.

Dei nordnorske har full apokope (Sørlege del av Nordland) eller e-mål.

3. Tjukk eller tynn L
Området for tjukk l er omtrent det same som for jamvekt.

4. Palatalisering
Uttalen av ll og nn, (dd og tt). Eks. mann blir manj, ball blir balj, redd blir redj og nytt bilr nytj. Trøndelag og nordlandsfylka er dei som har sterkast palatalisering.

5. Rulle-r og skarre-r
Største delen av Noreg har rulle-r. Skarre-r finn vi langs kysten, frå Tvedestrand i sør til Florø i vest.

6. Blaute konsonantar
P/t/k blir til b/d/g frå Arendal i aust til Karmøy i vest.

Austnorsk
- Lågtone
- Jamvekt
- Tjukk l
Trøndersk
- Lågtone
- Jamvekt og apokope
- Tjukk l
Vestnorsk
-
Høgtone
- Ikkje jamvekt. E-mål eller a-mål
- Tynn l
Nordnorsk
-
Høgtone
- Apokope eller e-mål
- Tynn l
 
Mykje av stoffet er henta frå dialektxperten.no http://www.dialektxperten.no/dialektxperten.html

Norsk språkhistorie

Norsk høyrer til den indoeuropeiske språkfamilien og under den nord-germanske «greina» saman med svensk, dansk, færøysk og islandsk.
Urgermansk (ca. 2500 f.Kr. – 200 e.Kr.)
Germansk innvandring til Skandinavia. Urgermansk språk skilt frå andre indoeuropeiske språk og frå ca. år 0 – 200 e.Kr. skil den nordiske varianten seg ut som eige språk.
Urnordisk (ca. 200 – 750 e.Kr.)
·         Eldre urnordisk , ca. år 200 – 500: omtrent likt språk i Norden. Mot slutten av perioden startar dei fyrste tendensane til dialektutvikling med a-omlyd.
 
·         Yngre urnordisk, ca år 500-750: store endringar i språket.
- Synkopetid. Alle trykklette, korte, ikkje-nasalera vokalar fell bort.
- Enklare struktur med ferre stavingar og forenkling i grammatikk.
- Går frå åtte til fire kasus.
 
·         Runeinnskrift er viktigaste kjelda til kunnskap om språket.
Eldre norrøn tid (ca. 750 - 1050 e.Kr.)
  • Går frå 24 til 16 runeteikn.
  • Skandinavar kjem i kontakt med meir utvikla samfunn og lånord frå m.a. friskis, engelsk, arabisk og tyrkisk kjem inn.
  • Verbbøying i person, tall, tid og modus, men likevel kortare ord og reduserte bøyingsformer.
Yngre norrøn tid (ca. 1050 - 1350 e. Kr.)
  • Det latinske alfabetet kom på 1000-talet.
  • Dei eldste bevarte handskrifter på norsk er frå omtrent 1150-1200.
  • Kristendommen fører med seg auka bruk av skriftspråket.
  • Meir og meir dialektinndeling og talemålet påverkar skriftspråket.
  • Utvikling av stadnamn.
  • Svartedauden og politiske unionar der Noreg er svakaste part er viktig orsakar til at norrønt skriftspråk går under.
Mellomnorsk (ca. 1350 – 1540)
·         Sverige og deretter Danmark får dominerande stilling i Norden. Mange danske embetsmenn kom til Noreg etter den politiske unionen i 1450.
 
·         Få skriftlege kjelder frå denne tida, mesteparten diplom og lovtekstar.
 
·         Dialektane festar seg til liknande det vi har i dag og talemålet tek opp tyske ord.
 
·         Syntaktiske endringar frå norrønt til moderne norsk:
- Fastare ordstilling
- Meir bruk av preposisjonar og modale hjelpeverb
- Utvikling av ubestemt artikkel
- Setningar utan subjekt forsvinn
Dansk periode/ «Nynorsk» (ca. 1540 – 1830
·         Dansk blir administrasjonsspråk/skriftspråk
 
·         Reformasjonen i 1536 à Bibelen på dansk i 1550
 
·         Talemålet var dialektane med innslag av dansk i byane
 
·         Danskbasera overklassetalemål utvikla seg på 1600- og 1700 – talet.
 
·         Litteratur på dansk, men ofte med innslag av norsk og dialekt (Norvagismar)
à Bygdemålstekstar
 
·         Konfirmasjonen i 1736: alle måtte lære dansk
1830 – 1850
Fyrste del av perioden er prega av ein generell prinsippdebatt om språk. Kring 1850 blei det gjort dokumentasjon og deretter blei det praktiske resultat av teoriane.
·         Nasjonalromantikk med innsamling og nedskriving av folkeeventyr og folkeviser på dialekt.
 
·         Dansk står sterkt og unionsoppløysinga med Danmark skapar ei auking av nasjonalkjensle og trongen etter eit eige språk. à Språkdebatten
 
·         Sentrale personar i språkdebatten
- J.A. Hielm:  bygge norsk skriftspråk på bymål
- H. Wergeland: fornorsking av det danske skriftspråket (fornorskingslina). Tre argument for eit eige skriftspråk. Det politiske – ein sjølvstendig stat trong eit eige språk. Det kunstnariske – Kunstnarar trong eit språk å uttrykke seg på som låg nært norsk fordi dette var mest naturleg. Det demokratiske – Eit skriftspråk for folket, slik at alle har lik moglegheit til å uttrykke seg.
- J.S. Welhaven: behalde det danske skriftspråket
- P.A. Munch: bygge eit nytt skriftspråk på dialektar som låg nærmast norrønt (Nydanningslina).
1850 – 1900
·         Aasens og Knudsens arbeid for å skape eit norsk skriftspråk
 
·         Ivar Aasen (1813-1896) reiste rundt og samla dialekter. «Prøver af Landsmaalet i Norge» à Landsmål nytt skriftspråk
 
·         Knud Knudsen (1812-1895) jobba med fornorsking av det danske skriftspråket.
 
·         1878: all undervisning skal skje «..på Bærnenes eget Talemaal.»
 
·         1885: Landsmål offisielt jamstilt med dansk, «Jamstillingsvedtaket».
 
·         1892: Målparagrafen vedtatt og vi får ei likestilling av språka i praksis i folkeskulen og skulestyret bestemmer målform for elevane.
 
·         Midlandsnormalen. Utarbeiding av alternative rettskrivingsreglar for landsmålet som blir godkjend av departementet som sideform. I 1898 kjem utgreiinga om at valfridommen er forvirrande og eit problem i skriveopplæringa.
1900-talet
·         1901-reformen for landsmålet. På fleire punkt ei tilnærming til riksmålet med fjerning av stor forbokstav i subst. og fleirtalsformene av verb.
 
·         1907-reforma for riksmål. Går frå blaute til harde konsonantar, b/d/g blir til p/t/k. Eit prinsipp om at skriftspråket skal bygge på norsk tale. Reforma førte til eit langt skritt mot landsmålet à samnorsktanken.
 
·         1917-reforma for begge målformene. Ynskje om meir konsekvens og fastheit. Førte til støre valfridom enn tidlegare, men dette skapte misnøye à rettskrivingsreform i 1938.
 
·         1929: landsmål og riksmål = nynorsk og bokmål
 
·         1938-reforma for begge målformene. Målet var å føre tilnærminga vidare, samstundes som valfridommen skulle reduserast.
 
·         1952: Stortinget opprettar Norsk Språknemnd med det formål å gje myndigheitene og allmennheita råd og rettleiing i språklege spørsmål. Fekk så i oppgåve å utarbeide ein læreboknormal à sterk misnøye blant konservative krefter i begge leirar, tilhengjarane av samnorsk støtta forslaget.
 
·         1972: Norsk Språkråd oppretta. Skulle både verne om den nedarva tradisjonen i skriftspråka og støtte ei tilnærming av dei à tvitydig/konflikt
 
·         2005: Norsk Språkråd omdanna til Språkrådet og staten gir offisielt opp samnorsk.
 
Offisiell språkpolitikk i dag er å bevare begge målformene som to ulike skriftformer av norsk.  

mandag 3. juni 2013

Muntlighet


Å kunne utrykke seg munnleg er ein av dei fem grunnleggande ferdigheitene. Skulen og spesielt norskfaget spelar ei viktig rolle i elevanes utvikling av språklege ferdigheiter slik at dei kan bli aktive deltakarar av det demokratiske samfunnet. Om å kunne uttrykke seg munnleg i norsk seier LK 06 følgjande:

Å kunne uttrykke seg muntlig i norsk er å ha evnen til å lytte og tale og kunne vurdere elementene i en sammensatt talesituasjon som er en forutsetning for kommunikasjon med andre både når det gjelder sosialt samvær, arbeidsliv og deltakelse i offentlig liv. Samtaler om tekster har en avgjørende betydning for elevenes læring og utvikling. Å tale og lytte er grunnleggende menneskelige aktiviteter som i norskfaget blir videreutviklet gjennom systematisk opplæring i ulike muntlige sjangere og aktiviteter.

Munnlegheit må vere mykje meir enn å berre rekke opp handa og framføre prosjektarbeid. Som lærar er det viktig å skape ein klasseromskultur for munnlegheit. Eleven skal både lære om og trene opp munnlege ferdigheitar. Gjennom norskfaget er det viktig at elevane møter eit mangfald av gode førebiletetekstar som demonstrerer dei sjangrar og skrivemåtar elevane skal lære. Dei må også få trening i å tilpasse språket etter kven som er mottakar og formalitet og opptre i ulike språkroller. Lytting er også ein viktig del av det å uttrykke seg munnleg.
Eksempel på aktivitetar for å trene opp munnlege ferdigheitar:

-          Strukturerte diskusjonar/samtaler

-          Leik og drama

-          Skrive og framføre taler

-          Skrive og framføre lesarinnlegg

-          Munnlege framlegg og tilbakemeldingar til medelevar

-          Strukturerte samtaler der elevane blir tildela ulike språkroller

Særeigent for Noreg er at vi ikkje har noko standardtalemål. Heilt sidan 1879 har alle elevar hatt rett til å bruke sitt eige talemål/dialekt og vi har kanskje ikkje hatt like stort fokus på muntlighet i form av å rette eller instruere elevane sin måte å formulere seg på.


Hovedområdet muntlige tekster dreier seg om muntlig kommunikasjon, det vil si å lytte og tale og utforskning av muntlig tekst. Sentralt er utvikling av ulike språklige roller og sjangere og forståelse for hvordan man tilpasser språk og form til mottaker og til formål med teksten. Å lytte og tale er en del av hverdagens omgangsformer og er sentralt for sosial og kulturell kompetanse og for estetisk utfoldelse og opplevelse.

Mål for opplæringen etter 2. årstrinn er at eleven skal kunne:

  • leke, improvisere og eksperimentere med rim, rytme, språklyder, ord og meningsbærende elementer
  • uttrykke egne følelser og meninger
  • fortelle sammenhengende om opplevelser og erfaringer
  • samtale om hvordan valg av ord, stemmebruk og intonasjon skaper ulik mening i tekst
  • lytte og gi respons til andre i samtaler, under framføringer og ved høytlesing
  • samtale om personer og handling i eventyr og fortellinger

Mål for opplæringen etter 4. årstrinn er at eleven skal kunne:

  • samhandle med andre gjennom lek, dramatisering, samtale og diskusjoner og praktisere regler for gruppesamtaler
  • fortelle, forklare, gi og ta imot beskjeder
  • forklare hvordan man gjennom språk kan krenke andre
  • begrunne egne tekstvalg, og gi uttrykk for egne tanker og opplevelser om barnelitteratur, teater, filmer, dataspill og TV-programmer
  • framføre tekster for medelever

Mål for opplæringen etter 7. årstrinner at eleven skal kunne:

  • opptre i ulike språkroller gjennom rollespill og drama, opplesing, intervju og presentasjoner
  • lytte til andre, uttrykke og grunngi egne standpunkter og vise respekt for andres
  • drøfte hvordan språk kan uttrykke og skape holdninger til enkeltindivider og grupper av mennesker
  • drøfte og vurdere skjønnlitterære tekster med utgangspunkt i egne opplevelser og med forståelse for språk og innhold
  • gi en begrunnet vurdering av andres muntlige framføringer
  • presentere et fagstoff muntlig med mottakerbevissthet med eller uten hjelpemidler